Om Oss


 

Årets Festival er 03 og 04 Juli 2015

 

 

Frå Vanylvsfestivalen til Vanylvsråkk

Når vi no har etablert ein organisasjon som skal vidareføre festivalkonseptet vi kjenner til frå 2008-2010, så er det med eit ynskje om at dette skal utgjere ein forskjell for heile kommunen.
Det nye konseptet er i større grad tilpassa regionen. På to dagar i juli vil vi presentere ei stor spennvidde av musikalske opplevingar frå scena, det meste er norsk men også noko frå utlandet.

Festivalen er forma av ungdom, bygdelag og organisasjonane som ein ikkje kunne vore utan når vi no skal gjere dette lokale løftet for Vanylven og for regionen.

- med hjartet i Vanylven og musikken i hjartet -